Vinteraktiviteter
Kanefart:
Om vinteren spenner me hestane for sleden
og køyrer ut i vinternatta med faklar og dombjøller.
Du sit godt nedpakka i skinnfellar og dyner. Kva meir kan ein ønske.
Me kan godt starte turen ved hytta eller hotellet ditt. God tur!

Vi kjører kanefart i hele hallingdal etter forhåndsbestilling

Vi har to store østeriske sleder som begge tar 11 personer hver. En dansk studentervogn som tar 14 personer og to mindre sleder som tar 5 personer hver.

Gardskonkurranse


Kven blir gruppas beste bonde? konkurranse for gruppe 4-20 deltakarar.
Konkurransen er ein lagkonkuranse med
handmjølking, prøvesmaking, mjølkespannkasting, skilling av geiter med meir.
Alle aldersgrupper.
På sommartid blir denne aktiviteten arrangert på stølen inne på fjellet.

Gardsbesøk:
På garden har me Geit, kyr, sau og høner. Desse er glade for å få besøk.
Grupper og familiar er velkomne til å stikke innom,
men me ynskjer å få ei bestilling frå dykk før de kjem.

Gymkhana:
Dette er ein stafettkonkurranse med hest.
Det er 2 og 2 lag i mot kvarandre,
som skal gjere forskjellige "stunt" på frå eller med hesten.
Me legg opp øvingane etter nivå,
så her er det utfordringar frå alt mellom nybegynnar og elite.
Aktiviteten passar frå 4- 40 deltakarar. Garantert show!
Det er ikkje nødvendig med rideerfaring.
Aktiviteten kan arrangerast kvar de måtte ønskje.

Snørafting:
For den litt meir tøffe, aking på store rafteslangar.
Det er plass til 3-4 personar på kvar flåte.
Aking ned bratte skråningar, som gjer deg sikkeleg magasug.
Me har preparert eigne rafteløyper
og kan tilpasse tempoet etter kva slags løype me brukar.
Skulle det bli langt og gå opp igjen så fortvil ikkje, du kan hengje på Snøskuteren oppatt.
Det er ein oppleving du seint vil gløyme. Annbefales ikkje for den snøredde.

Snørekjøring:
Ta på deg miniskia eller ta med deg ei rafteflåte, så skal me dra deg ein tur i full galopp. Moro for store og små.
Me avpassar tempoet etter breidda på smilet til den som heng bak.

Gjeldokk Hestesenter 3570 Ål tlf: 95734044 / 32085607 fax: 32082284 mail: gjeldokk@hestesenter.com